“Folk maa eingong um Aaret
vera galne og slaa seg lause
og snu up ned paa alle Ting.
Dette Aalvor og denne
Klokskap er ikke til at halda ut
heile Aaret i ikring”
Om du treng eit påskot til å vera galen og slå deg laus i kveld, kan du bruke tohundreårsdagen til han som i 1867 sa dei kloke orda ovanfor, Aasmund Olavsson Vinje. Han vart fødd 6. april 1818 i Vinje i Vest-Telemark.
Eit Vinje-dikt er noko av den første litteraturen eg kan hugse. Eg trur far min song Blåmann, blåmann, bukkjen min for meg før eg hadde tatt til på skulen. På folkeskulen sto den gamle songskatten sentralt (På sangens vinger her i bloggen) og vi lærte Fedraminne og Du gamle mor – i den siste var vi nok meir opptekne av sveitten som var som blod enn av innhaldet i diktet. I ungdommen lærte eg meg Den dag kjem aldri (med den tradisjonelle melodien – absolutt ikkje i “svorsk” innspeling med Tobben & Ero), som eg alltid har sett på som ein song om tapt kjærleik, men som Christine Gulbrandsen framfører som salme.
Vinje var glad i naturen, kan hende særleg fjellnaturen. Den som vil vite noko om tytebær, kan slå opp i Caplex og finne dei tørre opplysningane, eller lese Vinjes dikt Tytebæret uppå tuva og kjenne smaken av bæra.
Edvard Grieg hadde naturinteressa til felles med Vinje og sette musikk til fleire av dikta hans, m.a. Våren. Det norske koret Grex Vocalis framfører suverent (og i Griegs originaltonart, trur eg), men eit belgisk kor er nesten like bra, og dei syng på norsk – ein kunne nesten tru at solisten er oppvaksen i Vest-Telemark.
Ein som er oppvaksen i Vest-Telemark, er Aasmund Nordstoga. Så vidt eg veit trådte han og broren Odd sine barnesko rett ved Vinjestova, og eg trur han er i slekt med 200-årsjubilanten. På albumet Guten – songar av Aasmund Olavsson Vinje syng han ein fin versjon av Blåmann. I 1870 fekk dette diktet melodi av Anne Haavie. Melodien er så roleg og enkel at diktet vert brukt som voggesang, sjølv om innhaldet kan hende høver dårleg til det. Melodien innbyr òg til spanande harmonisering, , og er blitt nytta av jazzmusikarar. Den verdskjende Chet Baker har ei innspeling der Jan Erik Vold framfører sin eigen tekst (som ikkje har noko med Blåmann å gjere) som første “improvisasjon”, og den mindre kjende norske trioen Blåmann’da (Terje Johansen, Roger Amundsen, Roar Hartung) har ein rein instrumental framføring. Ketil Bjørnstad har òg sin Blåmann. I stemning liknar den på innhaldet i Vinjes dikt, og eg tar med Bjørnstads innspeling på solo-piano her av di det er eit av dei finaste musikkstykka eg kjenner.
Aasmund Olavsson Vinje er eitt av førebileta for denne bloggen. Han ga ut tidsskriftet Dølen, og i Allkunne.no skriv Hilde Kathrine Thomassen m.a. dette om bladet:
___“Mellom dikt, bokmeldingar og mykje anna slags stoff tok ___drøftingar av aktuelle politiske saker stor plass i avisa. Artiklane ___byrjar ofte med eit fersk nyhende, som så blir sett inn i eit større ___perspektiv. — Karakteristisk for sakprosaen til Vinje er òg det ___han sjølv kalla «tvisynet». Skriftene hans er fulle av overraskande ___samanstillingar av element frå ulike stilnivå, og «sorga og songen» ___kunne vere to sider av same sak. Han skifte òg ofte meining i ___saker, og ein får inntrykk av at det var viktigare for han å lære folk ___å tenkje enn å overtyde dei om kva dei skulle tenkje.”
Dette er eit førebilete som er vanskeleg å leve opp til, men eg prøver.
(Innlegget ble påbegynt 04.04.2018 og fullført 04.04.2018)
___________________________________________________________________________
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l. |
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre |
Til innholdsliste for denne utgaven
Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no