Kva er norsk uttale av HBO?

Biting står oppført som eit av synonyma til detalj i Synonymordboka.no.
Eg har valt ordet av di det òg kan vere substantivering av verbet å bite.
Båe tydingane kan vere aktuelle for det eg skriv om her.

___________________________________________________________________________

Heimebrent blir i kortform kalla HB, uttalt “HåBe”. Det skulle gi svaret på korleis ein uttalar HBO på norsk. Ein “O” i tillegg burde ikkje påverke uttalen av dei andre bokstavane i forkortinga.

Slik språkleg logikk gjeld ikkje for dei som trur at norsk blir eit betre språk om ein nyttar engelske ord og engelsk uttale. Ingvild Bryn , som i en periode vikarierte som språksjef i NRK, demonstrerte det tydeleg i Dagsrevyen 21 sist mandag:

Ho kan ha blitt påverka av innslaget ho introduserte, der Øystein Tronsli Drabløs like klårt gjev uttrykk for den uttalen av HBO som gjeld i Norsk Rikskringkasting.

I Aftenposten sist laurdag skreiv Helene Uri òg om den overdrivne bruken av engelsk i norsk tekst. Aristoteles snakket ikke engelsk var tittelen på innlegget. I  desember i fjor lenka eg her i bloggen til Uris hjartesukk over at ho på ein norsk restaurant måtte snakke engelsk med servitøren .

“Kronisk” norske er lite medvetne om språket. Og når styresmaktene gjer framlegg om at dei som vil søkje norsk statsborgarskap, må kunne gjere seg forstått på norsk, blir det eit ramaskrik. Så eg er redd norsk språk slik eg kjenner det, er på veg ut,  Eg vonar eg tek feil. Time will show.

–  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –  –

Dette er eit tema eg har vore innom i mange blogginnlegg. Det er berre å starte på toppen og arbeide seg gjennom lista nedanfor!
Norwenglish 1 (03.12.2016)
Norwenglish 2 (03.12.2016)
Du ju spik nårvidsjen? (25.03.2017)
Språklig jåleri (05.08.2017)
Norske ord med engelsk betydning (04.11.2017)
Inferiority complexes? (02.03.2018)
Engelsk (p)syke (04.05.2018)
Welcome to Sandy Bay (Sandvika) (10.08.2018)
Sandvika sett med språknerdens øyne (19.10.2018)
Halve programinnslaget er ikke-oversatt engelsk (28.12.2018)
Ukens biting: Gode, norske ord! (17.01.2019)
Ukens biting: Klart (og engelsk) språk (19.04.2019)

(Innlegget ble påbegynt 08.10.2019 og fullført 08.10.2019)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Følg denne bloggen

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no

Én kommentar til “Kva er norsk uttale av HBO?”

  1. Ingvild Bryn skriv i ein e-post:
    “Hei
    Me har hatt lange diskusjonar om dette i vår interne språkspalte. Og i dette ordskiftet vedgår eg at eg har sagt HBO på norsk ein gong og på engelsk ein gong. Skikkeleg inkonsekvent, med andre ord. Ingvild”

Det er stengt for kommentarer.