Tåke i Tokagjelet

Tokagjelet (markert med raud sirkel) ligg mellom Norheimsund og Samnanger, om lag 40 km aust for Bergen. Klikk for større kart.

Enno ein gong har ei ulukke vore hovudsak i media. For meg  har Tokagjelet  til no vore eit vegstykke mellom Norheimsund og Kvamskogen i Hardanger. Første gong  eg reiste der,  var eg liten,  og det var vegen òg  – ei «hylle» i den bratte fjellsida. Seinare har eg køyrt der fleire gonger. Vegen har fått tunnelar, men svingar seg framleis gjennom ein vill og vakker natur. Øvst i Tokagjelet sist sundag var det nok helst den ville naturen som slo til.

Det var i Kveldsnytt sist sundag eg høyrde om ulukka, og seinare har mediedekninga vore brei og dels direkte. Men lite nytt ut over den første meldinga kom fram det første døgeret. Som ved raset i Gjerdrum i romjula og drapa i Kongsberg for eit par veker sidan vart politiets presseorienteringar direkteoverførte, slik at politifolka ikkje kunne kome med bakgrunnsopplysningar som journalistane kunne brukt i sine reportasjer. Sjølv sat eg med reportasjebilete frå stader som skulle vere enkle å finne att på Norgeskart.no, men fann dei ikkje (seinare viste det seg at det eine biletet var frå ei bru om lag 6,5 km frå ulykkesstaden). NRK-reportaren på staden skulle – vurdert ut frå etternamnet og dialekten – kjenne området godt, men eg kom litt i stuss over noko av det Lidvar Sandven sa:

Uttrykket «høg vannføring» gjekk att i fleire reportasjer, og vart brukt av både politi og journalistar. Eg oppfatta det først slik at fossen var høg, men syntest ikkje 15 meter var «enormt» (Steinsdalsfossen, som reportaren har passert på veg til Tokagjelet, har eit fall på 20 meter). Seinare i reportasjen var det snakk om «store høgdemeter». Er meterane større i Hardanger enn elles?

Det er ikkje lett med direktereportasje. Eg fekk svar på noko av det et lurte på (og lærte mykje nytt) etter å ha lese konsesjonsvilkåra for Tokagjelet kraftverk. Og eg kom i tankar om reportasjen som Hartvig Kiran hadde frå flaumen i Nederland i 1953, der han m.a. sa:

Det ville vere urettvist å samanlikne NRK-reportaren i Tokagjelet sist måndag og Hartvig Kiran i Nederland i 1953. Samanlikninga må heller gjelde dei to heilt ulike handsamingane av ein reportasje om dramatiske hendingar. Kirans reportasje (framleis verd å høyre!) er laga i studio, med avstand i både tid og rom til hendingane, han styrer sjølv det heile, og har ordet i om lag 20 minutter. Tokagjelet-reportaren svarar på spørsmål frå programleiaren i eit om lag fire minutt langt innslag , han må handtere lydutstyr og ordval på sparket, og står i eit lydmiljø der bakgrunnsstøy frå fossen gjer det vanskeleg for folk med nedsett høyrsle å få med seg det som vert sagt.

Medan eg skriv dette, leiter ein framleis etter «antatt omkomne». I ein slik samanheng er mine tankar om pressehandtering uvesentlege, difor er dette innlegget plassert i kategorien biting.

(Innlegget ble påbegynt 27.10.2021 og fullført 27.10.2021)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Følg denne bloggen

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no