Målet hennar mor

Fylkestinga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har halde møte dei siste par vekene. Ei viktig sak i alle tre fylka var etablering av ein ny Vestlandsregion. Administrasjonsmål for den nye regionen er spørmålet som har vekt størst engasjement i opptakten til møta.

Etter Lov om målbruk i offentleg teneste kan kommunar og fylkeskommunar krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjera vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Sogn og Fjordane og Hordaland er i dag nynorskfylke, medan Rogaland er språkleg nøytralt. I intensjonsavtalen som vart underskriven tidlegare i haust, sto det at Vestlandsregionen skal vera språkleg nøytral. Det fekk Noregs Mållag til å setje i gang ein aksjon for å gjere nynorsk til administrasjonsmål i den nye regionen.

Mållagets reaksjon på det å vere språkleg nøytral får meg til å minnast noko nynorskmannen Ivar Eskeland (1927-2005) skal ha sagt: “Hadde det ikkje vore for målrørsla, hadde vi skrive nynorsk alle saman”.

Resultatet av fylkestingsmøta vart elles at dei to nynorskfylka sa ja til ny region, medan Rogaland sa nei.

 

___________________________________________________________________________

Share
Skriv kommentar til dette innlegget
Knappen “Publiser” under det du skriver, sender kommentaren til Torgeir, som leser den og legger den ut her – forutsatt at den er saklig og i samsvar med vanlig folkeskikk.

Vil du følge denne bloggen? Registrer deg øverst i spalten til venstre, så mottar du hver lørdag  melding om innholdet i ukens blogg.

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.

Share

Én kommentar til “Målet hennar mor”

  1. Noregs Mållag rådde sterkt imot ein språknøytral region fordi erfaringane fortel oss at “nøytralt” tryder at nynorsken i praksis blir prioritert vekk. Ser ein til dømes på nettsida til den “nøytrale” Rogaland Fylkeskommune i dag (http://www.rogfk.no/), så blir det tydeleg. Her er nesten alt på bokmål.
    Kven skal gje seg om tre nynorskbrukarar og tre bokmålsbrukarar saman skal skrive ei årsmelding eller ein rapport? Språknøytraliteten vil gjere vala mellom språka meir konfliktfylte, og når nynorskbrukarane må kjempe for å bruke språket sitt, gjev diverre mange opp. Ein heilt «nøytral» språkpolitikk går ut over dei som skriv det mindre brukte språket, og ein slik språkpolitikk gjer det vanskelegare å vere nynorskbrukar på Vestlandet.

Det er stengt for kommentarer.