Stor arv det er for mannen …

Lina Viken Oma (1876-1954) og Torgeir Oma (1872-1963).

I dag er det slektstreff for Oma-slekta. Om lag 120 etterkomarar etter besteforeldrene mine,  Lina og Torgeir Oma,  er samla på Hardingasete, 145 år etter at bestefar vart fødd på garden Ljones like ved. Dette blir gildt!

Klikk for stort kart.

Då Lina og Torgeir var nygifte, drog dei til Jeløya ved Moss, der Torgeir dreiv båtbyggjeri ved Tronvik. Det fyrste bornet deira vart fødd der i 1899. Det vart ti born i alt, og ni av dei levde opp. Sett i den samanhengen er 120 deltakarar på slektstreffet ikkje overraskande høgt.

“Solstrand”, heimen til Lina og Torgeir Oma, der ni born vaks opp.

Lina og Torgeir flytta heim att til Strandebarm etter nokre år, og bygde hus i Gjerdavika, like ved Linas barndomsheim. Torgeir sette fyrst opp eit lite båtbyggjarnaust, men utvida etter nokre år. På Jeløya hadde han lært korleis austlendingane ville ha båtane, så han modifiserte strandebarmsfæringen og selde godt med båtar  i Oslofjordområdet. Han var òg ein teknisk føregangsmann, og tok m.a. i bruk elektrisk sag og høvel. I avisomtalen på nittiårsdagen hans sto det at han hadde bygd om lag to tusen båtar i sin yrkeskarriere.

Innsirkla: Vetlanaustet i 1928. Det nye naustet til venstre. Bak Vetlanaustet det nybygde båtbyggjeriet til Torgeir Omas son Odd. Dette vaks seinare til dagens Fjellstrand. Klikk på biletet for å sjå sporet etter Vetlanaustet i Fjellstrand-hallen.

I dag er Gjerdavika fylt av dei store verftshallane til Fjellstrand AS. “Solstrand”, huset som Lina og Torgeir bygde, har òg blitt slukt av verftet. Men “vetlanaustet” det første, vesle båtbyggjeriet som Torgeir sette opp, finst på eit vis enno. Huset sto der då ein av dei siste Fjellstrand-hallane vart bygd, og det høvde godt som lagerskur. Det sto attmed den eine veggen på den største hallen, og vart etter kvart ståande inne i nybygget. Først då innerveggen var kledd med plater ned til taket på Vetlanaustet, vart det rive. Så dekte ein det opne feltet med plater, og såleis står profilen av taket på Vetlanaustet att – eit minne om det som var starten på Fjellstrand av i dag.

Bestefar Torgeir var ein framifrå båtbyggjar og skaffa inntekter til heimen. Bestemor Lina tok seg av dei ti borna, og dreiv heimen med ressursar som var knappe trass inntekten frå båtbyggjeriet. “Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd”, skriv Aasmund Olavson Vinje sist i det første verset i songen At far min kunne gjera.  Vinje skreiv “far min”, men ville nok, som den framsynte mannen han var, ordlagt seg meir kjønnsnøytralt i dag, så songen høver godt som heider til besteforeldrene mine på Oma.
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventelt legger den ut her.
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig!

Share

Én kommentar til “Stor arv det er for mannen …”

  1. Dette er veldig oversiktleg og innsiktsfullt skrive. Takk for fint innlegg.

    Og takk for

    – Aktiv deltaking på slektsstemnet
    – OMA – vin. Det var ei generøs gåve!
    – for arbeidet du har gjort med båten etter bestefar
    – Ikkje minst: flott framføring «Ve no velkomne med æra», med malmfull røyst og fin vri, i opninga. Det var med å setja standard.

    Legg ved bilete:

    http://bit.ly/tre_t-ar

    tre generasjonar, 3 t’ar !

Det er stengt for kommentarer.