Midtvintersblot

Soloppgang og solnedgang ved vintersolkverv og midtvintersblot.

I dag, 12. januar, er midtvintersblot. Somme synest nok det er i seinaste laget, 22 dagar etter vintersolkverv, og med ei daglengd som har auka med meir enn ein time sidan då. Men kan hende er det eit døme på sunn skepsis hos folk i førkristen tid. Dei registrerte at dagane var lengre, men ville ikkje feire før dei var heilt visse på at det heldt seg.

Forn Sed har dette biletet av vårblot ein stad i Bærum på nettsidene sine.

I siste blogg før jul kalla eg meg sjølv “heidning”. Då brukte eg ordet i tydinga “gudlaus”, og eg feirer ikkje midtvintersblot. Men det gjer truleg medlemane av åsatrufellesskapet Bifrost (utt. biv-råst). Ni norske blotslag var tilslutta denne paraplyorganisasjonen, som hadde 360 medlemar i 2017. Foreningen Forn Sed er det andre norske åsatrusamfunnet, med 110 medlemar i 2017. Båe står på lista over livssynssamfunn som får tilskot frå det offentlege, og båe har vigselsrett.

Wikipedia skriv dette om åsatru:
“Åsatru er en ikke-dogmatisk erfaringsbasert religion. Det vil si at det ikke finnes dogmer for hva som er riktig eller gal tro, og at det i stor grad er opp til den enkelte troende eller gruppe å definere sin egen religiøse tro. Likevel samles man om et felles begrepsapparat og kult.”

Åsatrusamfunna har ikkje noko å gjere med innvandringskritiske organisasjonar som Odins soldatar o.l. Bifrost har eit eige avsnitt om rasisme på nettsidene sine:
“Åsatrufellesskapet Bifrost tar avstand fra enhver form for diskriminering på grunnlag av kjønn, herkomst eller seksuell legning. Vi benytter oss av gamle norrøne symboler og andre uttrykk for hedensk sed, slik at disse ikke lenger skal kunne knyttes til nazisters og nynazisters misbruk gjennom historien.”

Den som klikkar på biletet, får sjå resultatet av gjærsopp i arbeid.

Gulatingslova ga i førkristen tid påbod om ølbrygging til midtvintersblot. Det påbodet har eg følgt i år óg, men denne gongen brukte eg gjær som kallar seg “Super Atomic turbogjær”. Då vart det liv i sakene! Men det gjekk fort, og eg er spent på smaken. Når bloggen er lagt ut, skal eg skjenke meg eit glas. Men hesteblod og ofring står eg over.

Komponisten Geirr Tveitt var i sin musikk innom både åsatru og ølbryggjing. Det første store verket hans var balletten Balders draumar. Det har eg ikkje funne noka innspeling av, men musikk knytt til ølbryggjing er det fleire døme på. Noko te øl! er frå Femti folketonar frå Hardanger. I Hastverksbrudlaup handlar det om bakgrunnen for feiringa der ølet skal drikkast, og av den har eg funne to versjonar, ein der Geirr Tveitt sjølv syng folketonen og ein orkesterversjon frå Hundrad folketonar frå Hardanger med Royal Scottish National Orchestra dirigert av Bjarte Engeset. At komponisten ikkje var sjølvhøgtideleg, høyrer vi i Hestehandlarar, som han syng saman med Ivar Medaas. Teksten er av Jacob Sande og melodien av Geirr Tveit.

Til slutt nokre kloke ord om øl og måtehold frå Håvamål, som vart nedskrive på 1200-talet på Island. Men teksten er eldre, og tittelen “Håvamål” tyder “Den høges tale”, den høge er Odin.

(Innlegget ble påbegynt 10.01.2018 og fullført 12.01.2018)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no