Hardangerbrua og monstermastene

I dag er det fem år sidan Hardangerbrua vart opna, og Austlandet på eit vis vart landfast. Då var eg til stades og kasta glans over den store festen som Satans vegvesen heldt då samferdsleminister Liv Signe Navarsete skar over snora og slepte trafikken laus.

 

I samband med den nye brua meinte fleire at det neste måtte bli tunnel under Hardangervidda, slik at austlendingane endå enklare kunne koma seg til Voss og Bergen med bil. Det skremde nok Satans Vegvesen, for knappe to år etter at Hardangerbrua sto ferdig, gjekk etaten inn for at Haukelifjell skulle vere det eine  av to hovudsamband mellom vest og aust. Då må ein til med ny bru, for Hardangerbrua ligg ikkje i traseen for det nye hovudsambandet.

Det var lite diskusjon om denne gigantbrua over Hardangerfjorden. Men tre år før bruopninga sto striden om monstermastane. Då var eg òg på Vestlandstur for å finne ut kva slekta i vest meinte om dette tiltaket. Statkraft ville byggje nytt luftspenn frå Sima-kraftverket til Samnanger for å betre kraftforsyninga til området nord for Hardangerfjorden. Hardangeraksjonen ville leggje sjøkabel. Eg fann inga sterke meiningar om nokre av alternativa hos dei slektningane eg spurde. Etter ein omkamp i Stortinget vart luftspenn vedteke.  Protestantane prøvde å stoppe arbeidet med sivile ulydnadsaksjonar. Men luftspennet var ferdig i 2014. Harald Stanghelle i Aftenposten gjorde seg nokre tankar om “aksjonsdemokratiet” to år seinare.

(Innlegget ble påbegynt 16.08.2018 og fullført 17.08.2018)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no