Kollektivtransport for dei som bur sentralt

“Å, kunne eg fara til Telemork …”, skreiv Per Sivle for lenge sidan. Eg er stundom i Telemark, og eg reiser alltid med eigen bil. Korleis skulle eg elles nå fram til mine vener som bur om lag 25 km  frå næraste busshaldeplass?

Arabygdi, som er mitt mål i Telemark, ligg ganske sentralt i Sør-Noreg. Frå Sandvika tek det fire timar å køyre dit. Då eg 16 år gamal sykla til Grungedal (6 km sør for Arabygdi) tok det fire dagar. No er eg meir huga på kollektivtransport, og på nettet fann eg noko som kallar seg Entur reiseplanlegger.  Nettstaden gav eit interessant framlegg til reiserute, men det blir nok framleis bil.

Enturs forslag til reiserute frå Sandvika (mørkeblå firkant heilt til høgre) til Arabygdi (oransje firkant). Motto: Sjå Sør-Noreg medan det enno er der!

Mine få reiser frå Sandvika til Arabygdi er no ein ting. Noko heilt anna er reising for dei som bur i området. Mine vener kan velje mellom to busshaldeplassar om dei vil reise med ekspressbuss aust- eller vestover, men det er altså om lag 25 km til båe. Telemarkbil har bussrute gjennom Arabygdi, og dei kloke og vakre lesarane av denne bloggen kan som ei øving prøve å finne buss frå Arabygdi til kommunesenteret i Åmot, anten med oppslag på nettet eller med tradisjonell rutetabell.

I Vinje kommunestyre er Senterpartiet største parti, og dei har ordføraren. Jon Rikard Kleven heiter han, og han skal få ein ide heilt gratis av meg, jamvel om partiet hans ikkje er blant mine favorittar: Sett opp ei minibussrute på den om lag ni mil lange rundturen Åmot – Rauland – Arabygdi – Edland – Åmot. Det vil gi store delar av kommunen eit godt kollektivtilbod. Held minibussen ein gjennomsnittsfart på 45 km/t, blir køyretida på eit par timar. Då

rekkjer ein minst ein runde i kvar retning minst ein gong dagleg, og det kan jamvel bli tid til avstikkarar frå den faste ruta. Det finst elektrisk drivne bussar som kan køyre denne runden, og eg kan truleg skaffe sjåfør, dersom det trengst.

“Eg kjem meg vel eingong til Telemork, um inkje det vert iaar” – slik er byrjinga på siste strofe i Sivle-diktet Til Telemork. Neste gong eg skal til Telemark, vert det òg med bil, og med to versjonar av Til Telemork på mp3-spelaren. Den eine er med Jon Sverre Ruder som syng sin eigen melodi, den andre med Bergen Domkantori  og musikk av Eivind Groven.

Eit anna blogginnlegg med liknande tema: Byråkratene og de berørte (29.12.2017)

(Innlegget ble påbegynt 03.02.2019 og fullført 03.02.2019)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Følg denne bloggen

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no