Jakob Sande – ein diktar for folk flest

I dag er det 51 år sidan diktaren Jakob Sande døydde. 10-15 av dikta hans har eg innabords, dei fleste med melodi. Det var lett å lage melodiar til Sandes dikt av di han skreiv i fast, rytmisk form. Men dikta vart nok tonesatt mest på grunn av den litterære kvaliteten.

Eg trur Jakob Sande vart kjent for “folk flest” på 1950-talet, då “radiofantomene” Kurt Foss og Reidar Bøe sette musikk til fleire av dei muntre dikta og ga dei ut på grammofonplate . Fabel (“Gåsa og katten og hanen”) og Kallen og katten er typiske for stilen. Ein stad i barndomsminnet hugsar eg òg at far snakka om Køya mi, ei skildring av arbeidstilhøve som sjøfolk ikkje hadde godteke i dag, og som eg trur far kjende seg att i frå si første tid i Oslo. Frå tidleg 1960-tal hugser eg ei fin framføring med Vestlandsduoen (Kari og Ivar Medaas) som song Kleppe-Maret.

“Dikta han skreiv, vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor  og sterkt kjensleladde dikt”, står det i Wikipedia-teksten om Jakob Sande. Det groteske er i full mon til stades i diktet Likfunn. Eg framførte det ein gong då eg var lærar, i siste time før storefri, då det tok til å krasle med matpapir under nokre pultar. Det vart slutt på matpapirkraslinga… Her kjem framføringa i reprise (det er bloggaren sjølv som les):

Jakob Sande er framleis er ein folkekjær diktar, og Dikt i samling vert årleg selt i om lag tusen eksemplar, ifølgje allkunne.no. Om ein vil lese seg gjennom alle dei sju diktsamlingane, er dei tilgjengelege på Nasjonalbibliotekets nettsider. Og når jula kjem, blir Det lyser i stille grender, Jakob Sandes svar på Alf Prøysens Julekveldsvise, heilt sikkert sunge, jamvel på Oslos vestkant.  

Det er noko i Jakob Sandes dikt som treff kjenslene. Ikkje mange tenåringar  drar til sjøs meir, likevel trur eg mange foreldre kjenner att stemninga i Då Daniel drog. NRKs nettarkiv har i eit opptak der Jakob Sande syng og spelar lutt (men han er betre til å dikte…). NRK har òg opptak av Birgitte Grimstad som framfører Marian.

(Innlegget ble påbegynt 15.03.2018 og fullført 16.03.2018)
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventuelt legger den ut her.
Husk å svare på regnestykket før du klikker på publiser-knappen!
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no