Det norske Folkesprog

I dag er det 121 år sidan Ivar Aasen døydde. I Allkunne.no skriv Ottar Grepstad dette mot slutten av sin lange artikkel om Aasen:

“Ivar Aasen fann ikkje opp eit språk. Han skapte ikkje eit språk. Han laga ikkje eit språk. Ivar Aasen fann eit språk.
Han fann eit mønster i dei talemåla som var i bruk i landet kring midten av 1800-talet. Han viste samanhengane mellom desse talemåla, påviste ei mange hundre år lang linje frå norrønt språk til samtida og gjorde det klinkande klart at norsk var eit sjølvstendig språk på linje med dansk og svensk.”

Ivar Aasen var språkforskar av internasjonal klasse, og var i si samtid så høgt verdsett at han i åtte år frå 1842 fekk  stipend frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og deretter statsstipend frå Stortinget. Han reiste landet rundt og samla døme på dialekter, og det språket han fann på denne måten, vart det tredje alternativet i debatten om kva norsk språk skulle vere. Dei to andre bygde på dansk, og ville anten halde på dansken slik den var eller fornorske dansk språk.

Etter vedtak i Stortinget i 1885 vart “det norske Folkesprog”, det som i dag er nynorsk, offisielt skriftspråk i Noreg saman med riksmål. Etter Lov om målbruk i offentleg teneste kan eit kommunestyre krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tyngden av nynorskkommunar ligg på Vestlandet, i Vest-Telemark og i Vest-Oppland. På Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg har ingen kommunar valt nynorsk.

Det var strid om språket – dvs. mellom bokmåls- og nynorskleiren – allereie medan Ivar Aasen levde. Men særleg hard vart nok striden då ein prøvde å innføre samnorsk, eit slags kompromiss mellom dei to tradisjonelle målformene. Då gjekk eg på folkeskulen, og med mor frå Kampen i Oslo og far frå Vestlandet skulle ein tru at samnorsk var nett det som høvde for meg. Men i min klasse var det konservativt bokmål som galdt, og eg kan hugse at eg ved høgtlesing las “solen” og “boken” sjølv om orda sto med a-ending.

Kva ville Ivar Aasen meint om språksituasjonen i Noreg i dag? Han ville nok vore skuffa over at bokmålet har slik ei dominerande stilling og ser ut til å vere på frammarsj. Han ville kanskje òg undra seg over kor sterkt norsk språk er prega av engelsk (han las sjølv norrønt, engelsk, fransk, tysk og latin i tillegg til “morsmålet” dansk). Men særleg trur eg han hadde vore skuffa over kor likeglade folk er når det gjeld språk.

Ivar Aasen var òg diktar. Nordmannen, kan hende betre kjend som Millom bakkar og berg ut med havet, er truleg ein av dei mest brukte alllsongane her i landet (så får det ikkje hjelpe at folk i “urbane strok” trur songen handlar om “nordmannen Fengje”). Melodien til Nordmannen er av Ludvig M. Lindeman, men andre Aasen-tekstar syng vi med hans eigne melodiar. Dei vil alltid klaga og kyta er ein av dei, og Henning Sommerro framfører den i eit arrangement med ei uventa avslutning som eg ikkje skal tolke. Dei gamle fjelli har eg sjølv sunge mange gongar då eg gjekk på Høvik skule i Bærum, og den er fin som kanon. I samband med 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 vart det laga ein versjon der folk med ulike aldrar og yrke syng teksten.

Som lærar i ungdomsskulen hadde eg i åtte år “gleda” av å undervise i nynorsk for bærumselevar med klåre meiningar om “nytten” av den opplæringa. Eg meinte då og eg meiner framleis at den tida som gjekk med til å lære sidemål, kunne vore betre nytta til å lære elevane å uttrykkje seg godt i si eiga målform. Men det sa eg ikkje til elevane. Og eg var ikkje så kreativ som den gymnaslæraren eg las om, som var heilt sikker på at ingen av elevane hadde merka at ho i si framstilling om Ivar Aasen heile tida hadde sagt “Ivar Awesome”.
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventelt legger den ut her.
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no