… slekt skal følge slekters gang

Sist laurdag var det slektstreff for etterkomarane etter Lina og Torgeir Oma, mine besteforeldre. På ei slik samling blir fortida eit sentralt tema, og det slår meg at enorme endringar har skjedd, og at dei har gått føre seg i hovudsak frå midten av 1900-talet, dvs. etter at eg vart fødd. Det gjeld næringsliv, familieliv, samferdsle – det er ei heilt anna verd vi lever i no enn rett etter frigjeringa i 1945.

Då bestefar etablerte “Torgeir Omas Baatbyggeri” på Omastrand i Hardanger for om lag 110 år sidan , var det ei einmannsverksemd, som dei fleste verksemder på den tida. Båtbyggjinga skulle gi inntekt nok til heile familien. Han arbeidde lange dagar frå tidleg om morgonen seks dagar i veka.  Det var ingen tilsette, men med ti born kan ein seie at bestefar på eit vis sjøl produserte den arbeidskrafta han trong. Alle sønene lærte å byggje båt. Far min fortalde då han slutta i arbeid (80 år gamal!) at bestefar hadde sagt til han etter ei økt i naustet: “No må du hugse at du var ti år gamal då du hadde den første arbeidsdagen din.” Ein robåt som bestefar hadde bygd, var med på slektstreffet. Den sto om lag der den vart bygd, der ein no finn den største verftshallen til Fjellstrand AS. Takprofilen etter Vetlanaustet står att i veggklednaden bak båten, og yttergrensene for naustet var merkte opp på golvet. Ved sida av båten låg eit svært røyr som Fjellstrand har produsert for Statoil. Mellom båten og røyret dirra 110 år med utvikling frå handverkssamfunn til industrisamfunn.

Bestefars båt i Fjellstrands største verftshall. Klikk for større bilde og mer tekst.
Lina Viken Oma (1876-1954), mor til ti born, og “driftssjef” i heimen.

Båtbyggjinga ga familien inntekt. Men like viktig for heimen var arbeidet som bestemor Lina gjorde. Eg minnest ho først og fremst frå eit bilete far hadde tatt av ho på vegen utanfor “Solstrand” der ho budde, i kvardagsklede og med stokk. Ho hadde vakse opp like ved i særs enkle kår på eit lite gardsbruk der alle ressurser måtte takast i bruk. I røykstova på Viken sto m.a. utstyr for å lage tønneband av borken på hassel, som det vaks mye av i området. Elles lærte ho alt det husarbeidet som var naudsynt i heimen. Alt måtte nyttast til siste rest, anten det gjaldt mat eller klede. Ho sydde nok mykje av dei kleda borna brukte, og ho haldt dei ved like med lapping og stopping. I kjellaren på Solstrand var det bakarovn. Og slik sønene hjelpte til i naustet og såleis lærte å byggje båt, hjelpte døtrene til i huset og lærte husarbeid. Arbeidsdelinga var klår og basert på hundreår med tradisjon. Det låg inga form for kjønnsdiskrimenering i dette, og det vart neppe oppfatta slik heller.

Av famliealbumene kan eg sjå at vi var på vitjing hos bestefar og bestemor nokre gonger i oppvektsten min. Eg kan òg hugse at bestefar vitja oss ein eller to gonger. Om ein dro på vitjing, var det for å bli nokre dagar, for reisa kvar veg mellom Oslo og Strandebarm tok lang tid. Vi hadde to val når det gjaldt reiseruta. Anten tok vi tog frå Oslo til Bergen og buss søraustover (med ei ferge) til Oma. Eller vi tok toget til Voss, tog vidare til Granvin (Hardangerbana eksisterte til 1988) og buss frå Granvin til Oma. Eg kan hugse at eg syntest det blå lyset frå industrihallane til Bjølvefossen i Ålvik var skummelt, så der må vi ha passert etter at det vart mørkt. Altså tok reisa eit halvt døgn, for vi tok morgontoget frå Oslo. Til samanlikning brukte eg litt over seks timar på turen til slektstreffet, og som alle dei andre kom eg i bil.

Slektstreffet vart halde på Hardingasete, eit kurs- og konferansesenter halvanna mil aust for Oma. “Dette blir gildt!” skreiv eg i bloggen for ei veke sidan. Og det vart verkeleg gildt, slik det blir når 120 personar i alder frå seks månader til 87 år samlast om eit program som får fram både låtten og tårane. Den kanskje finaste songen på songarka vart ikkje brukt av di vi fann ut at den ikkje høvde som allsong. Men som vise, framført av Birgitte Grimstad, gir Fløytelåt av Jacob Sande med musikk av Geirr Tveitt ein god illustrasjon av stemninga på eit slektstreff eg vil minnest med glede.
___________________________________________________________________________

Share
Del dette innlegget med andre på Facebook, Twitter, e-post o.l.
Bli følger av denne bloggen – se øverst i spalten til venstre

Kommenter dette innlegget

Til innholdsliste for denne utgaven

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

Knappen “Publiser kommentar” sender kommentaren til Torgeir, som leser den og eventelt legger den ut her.
For å stoppe eventuelle automatiske reklamehenvendelser, legger WordPress inn en sperre med et regnestykke som skal besvares med et tall. Forhåpentlig er ikke det engelske regnestykket for vanskelig! Har du problemer, så bruk e-post: ttt(krøllalfa)skoletjenesten.no