Korleis ville du reagert om du fann ein million kroner, ingen såg at du fann pengane og du visste at om du sjølv tok dei, ville ingen eigentleg lide noko tap ? Alle kjenner det moralsk rette svaret, men …
I Skånevik i Etne (ca. 6 mil nordaust for Haugesund) bur ei framifrå jente som heiter Else Berit Ness. Ho er tilsett i Spar Skånevik, og fann ein pantelapp med milliongevinst som einkvan hadde gått frå i panteautomaten. Ho melde frå, og etter at lotteriet no har gjeve opp å finne eigaren, blir kr 900.000 delt likt mellom Raudekrossen (som driv pantelotteriet) lokalt og sentralt, medan halve finnerlønna på kr 100.000 blir delt mellom det lokale idrottslaget og eit omsorgssenter (Dagsrevyen 21 fortalde om dette 5. desember).
Bruken av dei siste kr 50.000 kan folk i bygda koma med framlegg om. Og her kjem den viktige meldinga til Skånevik frå ein som ikkje høyrer til “folk i bygda”: De må sørgje for at Else Berit Ness som fann pantelappen, òg får noko av finnerlønna. Kan hende har ho alt fått det, det er i alle fall heilt sikkert at ho har fortent det.
___________________________________________________________________________
Vil du følge denne bloggen? Registrer deg øverst i spalten til venstre, så mottar du hver lørdag melding om innholdet i ukens blogg. |
Til innholdsliste for denne utgaven
.___________________________________________________________________________
Vil du følge denne bloggen? Registrer deg øverst i spalten til venstre, så mottar du hver lørdag melding om innholdet i ukens blogg. |
Til innholdsliste for denne utgaven
.