Siste avsnitt i brev til Skatteetaten 09.02.2022:

Då eg snakka med «Ragnhild» i Lofoten for å få tilsendt utleigeskjema, ba eg om å få det på nynorsk, men fekk bokmålsversjonen. Den brukte eg likevel, av di eg ville halde fristen og meinte tala var viktigare enn målforma. Men eg får skattemeldinga på nynorsk og skriv brev på nynorsk, og skulle difor etter mållova (og frå siste årsskifte språklova) få brev frå statsorgan i same målform, noko skatteetaten har valt å sjå bort frå. Eg ber om at eventuelle brev til meg heretter blir skrivne på nynorsk.